OM FORBUNDET

Folkehøgskoleforbundet er ein idé-, interesse og fagorganisasjon for norsk folkehøgskule.

Folkehøgskoleforbundet (FHF) formar og formidlar idéane til den frilynte folkehøgskulen og skal arbeide for folkehøgskulen sin plass i det norske samfunnet. Samtidig arbeider Folkehøgskole­forbundet kontinuerleg overfor myndigheitene for å sikre så gode rammevilkår som mogleg.


Fagorganisasjon:

Som fagorganisasjon har Folkehøgskoleforbundet – i samarbeid med Noregs kristelege folkehøgskolelag (NKF) – forhandlingsrett for alle sine medlemmer både overfor Virke (dei private folkehøgskulane) og KS (de fylkeskommunale folkehøgskulane).

FHF og NKF er dei einaste fagorganisasjonane som fremmer løns- og arbeidsvilkår for dei tilsette i folkehøgskulen. Gjennom Folkehøgskolerådet har dei to organisasjonane nær kontakt med stortingspolitikarar og departement – og fremmer krav på skuleslaget sine vegner.


Idéorganisasjon:

Folkehøgskulen som idé, og skuleslaget sin pedagogikk, slik det først vart formulert av den danske presten, poeten og historikaren N. F. S. Grundtvig i første halvdel av 1800 talet, er Skandinavias bidrag til verds-pedagogikken.

Folkehøgskoleforbundet er den viktigaste organisasjonen som forvaltar, fremmer og utviklar den frilynte folkehøgskolen som skuleslag og idé i Noreg. Dette arbeidet rettar seg utad mot politikarar og styresmakter. Innad i skuleslaget arbeider organisasjonen for ein brei debatt rundt idé- og prinsipprogrammet.

Sjå også vedtektene til Folkehøgskoleforbundet og historia til folkehøgskulane.